Vinden piskar Mot naken hud Utemd og fri Stikkande kulde
Speglar mi sjel Speglar mitt sinn Lekkjelaus På vitskapens veg
I lys av brende vengjer Oske og innsikt
I lys av brende vengjer Framgang ein dødsom
Elda dogmer Nedsett i teikn Eit slør av skrifter Mot tenkande kraft
Utrødd mark Rein og ny Endelaust Og fritt
Ei ny sol skin for meg Som eit skjær i stormfullt hav Kjerne i kaostid Ending av ei slavemakt Prektige fasadar brest Herre over skaparverk
Omvelting Og sjå monument lagt i ruin Ei tidlaus sanning ser si endetid vert til Uvisse Og sjå trelldomen forsvinn Deira redslar skal speglast i mitt blikk
Svart er svart og daudt er daudt Omslutta av mørke
Falma ord Åleine står Lausrive symbol er fødd på ny