Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Kva natt og dag er du like nær,
men best eg ser deg når mørkt det er.
Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.
Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d’er du som gjeng der og tuslar,
når somt der borte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.
I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d’er deg eg ser, deg i alt eg høyrer,
i song og fløyte - og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.
Poem by Aasmund Olavsson Vinje to a traditional Norwegian folk tune.
Christine Guldbrandsen еще тексты
Оценка текста
Статистика страницы на pesni.guru ▼
Просмотров сегодня: 2