Eg for ut i strid Då dei framande kom Eg sloss for min heim og min buskap Eg kjempa dei ned Med mitt spjut og min boge Så dei heime kunne eta og sova
Eg drakk og eg skråla Eg lo og eg skrøyt Av mine sigrar, mitt mot og min styrke Eg fortalde om gullet eg fann Hjå dei eg slakta ned for fote
Eg vakna brått Ein kald og mørk morgon Med buskapen daud og trellane rømde All mjøden var drukken og venene reist
Då la eg i veg til lovande land For atter å vende heim med aere Alle som sto i vegen for meg Skulle kjenne min styrke og vreide
Ved ein flod sto ein gammal og støl mann Han vokta ein båt som eg trong Eg skulle hogge han ned Men sverdet brast og Den gamle sto der og flirte
\"Fattige tåpe, som aldri har skjøna At ein krigar skal kjempe mot krigar Aldri du vinn visst du berre ser fram Og ikkje inn\" Med eit var den gamle vekk Og vinden tok med seg båten
Ved bredda sto eg og skua Men nådde ikkje den andre sida Då starta kampen mot krigaren Eg alltid trudde eg kjente