Eg vil ingjen spelemann ha,
for eg kan ikkje dansa;
Eg vil meg ein skreddar ha,
som søyma fine kransa.
Eg vil ingjen skreddar ha,
då må eg pressa kluta;
Eg vil meg ein slaktar ha,
så får eg fine stuta.
Eg vil ingjen slaktar ha,
då må eg skrape tarma;
Eg vil meg ein bryggjarmann ha,
så får eg øl i kanna.
Eg vil ingjen bryggjarmann ha,
då lyt eg skylje tynner;
Eg vil meg ein prestemann ha,
som skrifta meg frå synder.
Eg vil ingjen prestemann ha,
for eg har ingjen synder;
Eg vil meg ein snikkar ha,
så får eg nye sengjer.
Eg vil ingjen snikkar ha,
då må eg slipe høvla;
Eg vil meg ein skomakar ha,
så får eg nye støvla.
Eg vil ingjen skomakar ha,
for han har bek på finge;
Eg vil meg ein gullsmed ha,
så får eg ring på finge.
Og medan nær han står upp,
da står han ved mi side;
Krusar upp mi gule lokk:
\"statt upp mi vesle pike.\"
Eg er så lystig og så glad,
nå har eg kjærest funne;
Eg håpar og eg vonar det,
at eg har spelet vunne.
Folque еще тексты
Оценка текста
Статистика страницы на pesni.guru ▼
Просмотров сегодня: 1