Signe liti ho sto seg ved kverna og mòl kva ho da venare enn gauken han gòl kongen han vakna i høgelofta lå e det mine drenga som på gullharpa slå? Aldri nokon kunne kveda som ho signe-lil den unge og den vene
Kongen han tala til smådrengen sin: - Du be Signe liti gange for meg inn Signe liti ho måtte for kongen inn gå med blåbøtte sokka og med vadmeletrå Aldri nokon kunne kveda som ho signe-lil den unge og den vene
Signe liti, Signe liti, kved visa di for meg sju skip i Østersjø gjeva eg deg sju skip i østersjø det kan eg vel få men ikkje kveda den visa eg må Aldri nokon kunne kveda som ho signe-lil den unge og den vene
Signe liti, signe liti kved visa deg for meg kongen av Danmark gjeva eg deg Signe liti ho bar opp den visa ho kvad da sovna alt folket som i stuene var Aldri nokon kunne kveda som ho signe-lil den unge og den vene