Seks mine jarlar heime vera, gøyme det gullet balde, Andre seks på heidningalando då svinga dei jørni kalde! - Rida dei ut av Franklandet med dyre dros i sadel, Bles i luren Olivant på Ronsalavollen.
Runde dei opp sine silkje segl høgt i sigalråe, Sigla dei ut åt hei'ingslondo i virkevikune ein og tvåe.
Arene og ankaret tok inn på kvite sanden: Det var Roland, konungafredan, trødde den fysste på land.
Slogest dei utpå Ronsarvollen i dagane två og trjå; Blåmennan fall for Rolandssverd som gav seg fyri ljåe.
Fram så søkte blåmann-fjødi skygde fyri sole; Reddast var ein jamningen bad Roland blåse i hornet.
Roland sette luren fyr blogga munn, så bles han i med vreide; Ljoden ber ivi hav og fjell, i trio dagar av leide.
Det var Magnus kongjen, no set han i å gråta: Kva tru vantar freden min? No høyrer eg luren låta!
Det var Magnus kongjen, Skundar han sin fred: Daud låg Roland konunga-freden, Heldt i han sitt sverd.
Heim kom Magnus kongjen. Og settest dei alle traude. Skipet var fullt av sylv og gull, Og heidningan låg att daude.