Kom sit ikring og lya meg, eg fortelje vil Hendingar som hendte, i vår Saga tid. Fregdamenn frå Island og Noreg samla var Nidaros var staden og Eirik han var jarl.
Også i frå Hjaltland og i frå Orknøy Til stemne var dei bedne, både mann og møy. I kappleiken på vollen dei dugnad røyna vill Og etterpå vil jarlen halde fest og spill.
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var Nidaros var staden og Eirik han var jarl.
Den fysste leik på vollen, bogaskot det blei Og mange spende langbogen, då det på dagen leid. Men ingen råka spjotet som stilt var opp på fjell Utan Einar i frå Lade dei kalla Tambarskjelv.
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var Nidaros var staden og Eirik han var jarl.
Den andre leik dei ro ut etter Nidarfjorden vil Og åreveden knaka då kjempene tok i. Han Torgaut ifrå Orknøy var gut som kunne ro, Og Njål og Ravn frå Island dei kom som nummer to.
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var Nidaros var staden og Eirik han var jarl.
Og neste leik på vollen det var hesteskeid og renn Med mange hestar navngjetne blant ridande menn Men Rimfakse til Eirik jarl, han vann som venta var Dette var ein heste, som ikke hadde par.
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var Nidaros var staden og Eirik han var jarl.
Då leiken var til ende, på femte dag det leid då jarl let blåsa hornet, endt er nå dette skeid. Nå beda me alt folket i gildehallen inn Om desse hende skald vil kvea, neste samla ting.
Fregdamenn frå Island og Noreg samla var Nidaros var staden og Eirik han var jarl.