Eg diktar meg eit liv Eg diktar meg ein open dag Eg diktar meg eit skriv Så fullt av tankar lag på lag Eg tenkjer meg ei hand som Grip det når det fell mot land Eg diktar dette blikk Som ser og ler og rørest blidt
Eg diktar meg eit liv Som er likt det eg skriv Eg diktar det eg treng Gjennom vers og refreng Eg diktar meg ei kraft Som kan og vil og alltid vinn I eit liv som eg kan leva med
Eg diktar meg eit mål Heldt fast av eit tolmodig sinn Eg diktar meg ei tru Som held om syndaren vil snu Eg tenkjer meg ei hand som grip det Når det fell mot land Eg diktar dette blikk Som ser og ler og rørest blidt
Eg brettar til eit fly Med diktet mitt det stig mot sky Eg tenkjer meg ei hand Som grip det når det fell mot land Eg diktar dette blikk Som ser og ler og rørest blidt Som les seg til ein fred Eit liv som ho kan leva med
Eg diktar ho eit liv Som er likt det eg skriv Eg diktar det ho treng Gjennom vers og refreng Eg diktar ho ei kraft Som kan og vil og alltid vinn I eit liv som ho kan leva med