Å eg veit meg eit land langt der uppe mot nord med ei lysande strand millom høgfjell og fjord. Der eg gjerne er gjest, der mitt hjarta er fest med dei finaste finaste band. Å eg minnest, å eg minnest, å eg minnest so vel dette land.
Denne heim er meg kjær som den beste på jord. Han mitt hjarta er nær denne fjetrande fjord, og det målande fjell og den strålande kveld, hugen leikar, den leikar på deim: Å eg minnest, å eg minnest so vel denne heim!
Og eg lengtar so tidt dette landet å sjå, og det dreg med so blidt når eg langt er ifrå. Med den vaknande vår vert min saknad so sår, so mest gråta, mest gråta eg kan: Å eg minnest, eg minnest so vel dette land!