Til deg, du Heid og bleike Myr med Bukkeblad, der Hegre stig og Heilo flyr, eg gjev mitt Kvad.
Til deg, du visne Lyng um Haug, der Draumar sviv, eg gjev min Song um Dimd og Draug og dulde Liv. * Eg kjenner deg, du Trollheim graa, du skugge Natt! Eg rømde rædd; men stundom maa eg sjaa deg att.
Eg kjenner deg, du Havsens Marm med Galdre-Song; du gauv meg Gru i rædde Barm so mang ein Gong.
Eg kjenner Striden tung og sein mot Trolldoms Vald. Gud hjelpe oss for brotne Bein og Mannefall! * Eg kjenner deg - eg kjenner deg, som ikkje vann! - Eg saag din Strid, eg veit din Veg i Skugge-Land.