Ho er mager og myrk og mjaa med brune og reine Drag og Augo djupe og graa' og stilslegt, drøymande Lag. Det er som det halvt um halvt laag ein Svevn yvi heile ho; i Rørsle, Tale og alt ho hev denne døyvde Ro.
Under Panna fager men laag lyser Augo som att-um Eim; det er som dei stirande saag langt inn i ein annan Heim. Ho gjeng aat sin Omnskraabank og set seg, men veit det knapt, og tek denne Mjølkeskjenk og sit der roleg fortapt. Berre Barmen gjeng sprengd og tung, og det bivrar um Munnen bleik. Ho er skjelvande sped og veik, midt i det ho er ven og ung.