Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
Ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
Under dei lauvtunge tre.
Då skal vi vandra isaman ute,
Der blomar igraset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
Som kruser med dogg vårt hår.
Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
Og grashoppespelet i eng,
Men vandra i lag underbleikblå himlen
Til fuglane lyfter veng.
Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
Med vinden og kvite sky,
Og vita at vi skal vera isaman
Like til morgongry.
Leif Sørbye еще тексты
Оценка текста
Статистика страницы на pesni.guru ▼
Просмотров сегодня: 3