Det var ein gong i gamal tid, to unge over høgfjell fór Dei freista inn i framtid sjå, for jenta gjekk og venta små Men sist på heimveg gjekk det troll i ord Å hent du hjelp, no kallar moder jord
Far no svint som ein vind Og løyn meg lengst inni hjarta ditt inn Når stormane rasar så ventar eg på At du igjen skal kvile i min famn
Ho låg åleine langt a’lei, gav liv til små på ville hei Han jaga ned dei bratte skar og kom ved midnatt fram til gard Men mor og barn fekk aldri ny dag sjå for ut av myrkret steig det ulvar grå
Far no svint som ein vind Og løyn meg lengst inni hjarta ditt inn Når stormane rasar så ventar eg på At du igjen skal kvile få
Far no svint som ein vind Og løyn meg lengst inni hjarta ditt inn Når stormane rasar så ventar eg på At du igjen skal kvile i min famn At du igjen skal kvile i min famn