Det er ein stad for meg som er ferdig reidd og klar Den er det som eg kan tenke, den er det eg går og trør i her kvar dag Men sjå på fjorden No kjem båtane inn No er sommaren komen, sender draumar ut i vind
Og det er langt det, til vinden sitt land Men det er lenger enn langt til den glimande havn som blei lova i songen eg song i ditt namn Å, tak meg heim, du lova land, til Det lova land
Det er ein stad for meg Ein som ikkje lèt seg sjå Men som berre let seg sanse som eit bod ifrå ein stad du ’kje veit om Men sjå på himmelen No kjem svolune hit kor tru svolene har vore og kvifor fór dei dit?
For det er lang det, til svolunes land Men det er lenger enn langt til den glimande havn som blei lova i songen eg song i ditt namn Å, tak meg heim, du lova land, til Det lova land
Det er ein stad for alt som meg aldri er fortalt Men den helsar meg i vinden og i svolune som aldri fell til ro For bortom fjorden, bortom alt det ein kan sjå fins ei heilag havn og finne som ein dag eg skal nå