No kjem den fagre våren. Den kjem så altfor seint. No går eg opp til Bård'en og spør kva som er meint med at vi stadig går med skjerf og lue her vi går. Det er jo mildt i lufta og er det ikkje vår?
Vi slenger allting av oss, spring ganske lett omkring, snart blir vi voldsomt sjuke, men det gjer ingenting. Då får vi liggje heime og mase litt på mor. Og er det fleire av oss, så masar vi i kor;
"Å, gi oss sjokolade og kjærlighet på pinne! Brei dyna godt om kring oss og klapp oss litt på kinnet! Fortel ei nifs forteljing og slepp inn hund og katt! Så blir vi sikkert friske og kan gå på skulen att!"