Det hev ei rosa sprunge ut av ei rot so grann. Som fedrane hev sunge: Av Jesse rot ho rann, og var ein blome blid, midt i den kalde vinter ved mørke midnattstid.
Om denne rosa eine er sagt Jesajas ord. Maria møy, den reine, bar rosa til vår jord. Og Herrens miskunnsmakt, det store under gjorde som var i spådom sagt.
Guds rosa ljuvleg angar og skin i jordlivs natt. Når hennar ljos oss fangar, ho vert vår beste skatt. Me syng i englelag: No er det fødd ein Frelsar, og natti vart til dag.