Гуру Песен Популярное
А Б В Г Д Е Ж З И К Л М Н О П Р С Т У Ф Х Ц Ч Ш Э Ю Я
# A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z

Skruk - Det lyser i stille grender | Текст песни

Musikk: Lars Søraas d.y. / Tekst: Jakob Sande

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fysste gongen,
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.

Den Songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt,
om barnet, Guds son, vår sonar
som døden for evig batt.

Skruk еще тексты


Статистика страницы на pesni.guru ▼
Просмотров сегодня: 1
Видео
Нет видео
-