\"Ingen pliktar å velje ei einsleg sanning Men ein skuldar seg sjølv å sjå Med åpne augo Bak alle dører Og bak dei mørke forheng Korfra svart skodde sig Også desse hjørna må vitjas Før ein kan sei ein har vald Spegelen gjer tilbake Alt som er gjeven Og fortel ingenting Om flata alt er måla Den som tek vekk det levde Som set inn det skrevne Må sjå sitt minne døy for Sterkare penn\"
Der mange såg Skal no ein blind leie (I di tid) Der elskande lo Skal no dei gamle sørga (I ditt namn) At jorda rik av dauden vert Er ikkje lengre hevda (I di soge) Tørka opp og gjøymd vekk Mørkrets hemmelege gåver (I di kyrkje)
Dei ber fram Ein far for alle borna (I di tid) Ein som gløymer dei Som ikkje herskar (I ditt namn) Sjå, dei gøymer seg Bak flammar og klede (I di soge) Og sanninga vert knyta Til hengeløkker (I di kyrkje)
Makta og vanæra I all tid Er di, og (du) er gløymd For all tid
Høyr tekstar om vern og skjold Gjeld berre eiga makt (I di tid) Dei bygga tårn av lika
For nærare å komme (I ditt namn) Ein vinnar i ord Av slag som aldri sto (I di soge) Ein tenar i svovel Ein herskar i kjøt (I di kyrkje)
Dei vil så gjerne sjå Og blindast av ljoset (I di tid) Sleper på et arv Som ingen ville ha (I ditt namn) Kjenner ikkje att Sitt eige indre eg (I di soge) Fryktar for skugge Og fryktar for spegl (I di kyrkje)
Makta og vanæra I all tid Er di, og (du) er gløymd For all tid