Trei stend lenger enn menneski Dei er sverd som veks or jordi I ein japansk hage i Argentina andar dei stilt under jagarflyi
Eukalyptustreet segjer inkje Kva det tenkjer, det undrast eg på \"Ingen dictador lever lenger enn eit tre Me vil eige verdi etter menneski
Sjå på oss no, våren er vår siger Greinene strekker me rakt i vêret Me er naturens kveisande keisarar På ei gudlaus jord er det me som er gudar
Me eig dykk Me eig dykkar vesle liv Me eig dykk på ryggen i jordi Me eig dykk med andletet ned Me eig dykk der de sig i kne Me eig dykk som stel safirar Me eig dykk like til dauden Me eig dykk directores gordisimes Me eig dykk som skjemmer mødrer Me eig dykk, og me meiner ålvor Me kann få dykk i tale med motorsagi
Hogg os ned, og me vil vekse upp att men um me ein dag høgg dykk ned då vert det heile yver for menneski\" Slik trur eg eukalyptustreet tenkjer