Ein krasja bil i grøftekanten.
I baksetet sit gutefanten.
Mora klemt fast i kupeen;
brystet knust, og blod frå strupen.
På åstaden står ambulansen.
Dei reddar fyrst ut gutesvansen,
men dei måtte fått opp snedda
om mora skulle vorte redda.
Det har no gått ti somrar;
guten er ein vaksen kar.
Han er ikkje som anna folk,
med handa spent fast rundt ein dolk
Inkje elskar han meir
enn å drepe ein boms eller fleir.
Gjerne òg ei prostituert;
hennar sjel så korrumpert.
Mora med sin lidenskap,
ho forska på legevitskap.
Ho var rett ved å finne ein måte
å vite løysinga på kreftens gåte.
Vaksne har ikkje menneskeverd
som dei unge her på livets ferd.
Borna er vår framtids garanti
til deira barndom er forbi.
Inkje elskar han meir
Enn å drepe ein boms eller fleir
Gjerne òg ei(n) prostituert
Hennar sjel så korrumpert
Staal еще тексты
Оценка текста
Статистика страницы на pesni.guru ▼
Просмотров сегодня: 1