Гуру Песен Популярное
А Б В Г Д Е Ж З И К Л М Н О П Р С Т У Ф Х Ц Ч Ш Э Ю Я
# A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z

Taake - Noregs vaapen - Dei vil alltid klaga og kyta | Текст песни

Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.

Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.

Lat oss inkje Forfederne gløyma,
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
han er større, en mange vil tru.

Lat det merkast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at naar Federne sjaa att paa Jordi,
dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.

Taake - Noregs vaapen еще тексты


Другие названия этого текста
  • Taake - Dei Vil Alltid Klaga Og Kyta (Noregs Vaapen 2011) (0)
  • Taake - Noregs vaapen - Dei vil alltid klaga og kyta (0)
Видео
Нет видео
-
Оценка текста
Статистика страницы на pesni.guru ▼
Просмотров сегодня: 1