Vilja du høyra kvedet mitt, og vilja du ordi tru?
Om han Olav Tryggvason skal songen her seg snu.
Dansen glyma i halli, så dansa me då i ring!
Glada rider Noregs menn til Hildar-ting.
Båten bygdes i Noregs land utav dei beste emnom,
sytten alner og fire til var kjølen imellom stemnom.
Dansen glyma i halli, så dansa me då i ring!
Glada rider Noregs menn til Hildar-ting.
Kongen uti høgsetet sit, talar til sine drengjer:
"No skal me sigla den salte sjo, det heve eg tenkt so lengje!
Dansen glyma i halli, så dansa me då i ring!
Glada rider Noregs menn til Hildar-ting.
Modige mælte dei sveinane då: "Herre, me skal deg fylgja,
anten du fer i fred eller strid. Me ottast 'kje svarte bylgja!"
Dansen glyma i halli, så dansa me då i ring!
Glada rider Noregs menn til Hildar-ting.
Ganga dei så til stråndi ned spræke karar og rauste.
Jarni skolv og lunnane brost då skipet dei drog or nauste.
Dansen glyma i halli, så dansa me då i ring!
Glada rider Noregs menn til Hildar-ting.
Vundo dei opp sine silkesegl, vinden å taka fange.
- Og só er det sagt at kongen sjølv styrde "Ormen lange".
Dansen glyma i halli, så dansa me då i ring!
Glada rider Noregs menn til Hildar-ting.
The Wanderers еще тексты
Оценка текста
Статистика страницы на pesni.guru ▼
Просмотров сегодня: 1