Steinfinn og Ståle - Hei og hå, min gangar grå - dei var tjovane båe. - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -
Steinfinn var goe til kveda, - Hei og hå, min gangar grå - Ståle var be're til stela. - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -
Ståle gjekk åt buret stela, - Hei og hå, min gangar grå - Steinfinn gjekk i stoga kveda. - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -
Høyrer du Åse gode: - Hei og hå, min gangar grå - må eg kveda om tjover? - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -
Du må kveda mest'e du vil, - Hei og hå, min gangar grå - når det kjem okkon inkje til. - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -
Glåt du deg i korgji full - Hei og hå, min gangar grå - Der heva kona si beste ull - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -
Stel du lerreft, hell stel du lin, - Hei og hå, min gangar grå - stel så det som er noko fint. - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -
Då tala fruva Åse: - Hei og hå, min gangar grå - Er våre dynnar i låse? - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -
Renn ut, kiss ut, puse - Hei og hå, min gangar grå - no vil hustru tenne ljus. - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -
Steinfinn utor stoga rann. - Hei og hå, min gangar grå - Ståle utor buret sprang, - For enno stend'e gangaren i grøna lunden her og biar me. -