Kongjen og Knut Liten dei sat ivi bord, - Iselilja Dei tala så mange dei skjemtande ord. - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
\"Høyrer du Knut liten, hot eg spør`e deg:\" - Iselilja \"Lyster du skifte dei folar med meg?\" - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
\"Ja, skò eg skifte dei folar med deg:\" - Iselilja \"Så vil eg hava dotter di i bytte, eg\" - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
\"Skò kje mi dotter bli be're gift,\" - Iselilja \"hell ho skò gange i hesteskift.\" - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Knut liten seg reiser frå kongjens bord: - Iselilja \"Å visseleg skò eg hevne dei ord!\" - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Han klappa på dynni med hanskar på hand: - Iselilja \"Du kjenner vel Knut liten, din festarmann?\" - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
\"Siter du kongje drikke mjød og vin?\" - Iselilja \"Knut liten han søv'e med dotteri di.\" - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Kongjen let ropa ivi heile sin gård: - Iselilja \"Kle dikkon, hovmenn, i brynjune blå.\" - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Knut liten hoggje til han gjordest mod, - Iselilja Til blodet det sto ivi sylspente sko. - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
Knut liten han kom seg ri'and i gård, - Iselilja kongjen ute fyr honom står. - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
\"Knut liten, du stiller ditt sylvbugne sverd,\" - Iselilja \"Eg gjev deg mi dotter, du er henne verd.\" - Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom