Eg er Gud den allmektige. Eg er særs produktiv. Eg er den mest prektige. Skaparen av alt liv.
Eg ville eksperimentere litt, ynskja meg ei kloning. Skapte mennesket i biletet mitt. Ein konge utan kroning.
Eg elskar alt som eg har skapt. Min kjærleik er grenselaus, men dei som ikkje trur på meg er fortapt; då er eg nådelaus.
Homsar og lesber, dei må brenne. Tjuvar skal òg flammen kjenne. Du er ikkje barn av Gud viss du bryt eit Bud.
Men det gjeld ikkje prestar, som altergutars ræv forpestar. Dei er heilage menn, det gjeld også deira lem.
Eg elskar alt som eg har skapt. Min kjærleik er grenselaus, men dei som ikkje trur på meg er fortapt; då er eg nådelaus.
Du skal ikkje ha andre gudar enn meg. Du skal ikkje misbruke namnet mitt. For eg er Herren din Gud, vis meg respekt! Du skal halde kviledagen heilag. Du skal heidre din far og di mor. Du skal ikkje slå i hel, viss det ikkje er ei vantru sjel.
Eg elskar alt som eg har skapt, frå fjella til elvane. Men dei som ikkje gjer som eg har sagt, dei kjem til Helvete.