Og mannen han gjekk seg i veda skog, hei fara i veda skog. Då sat der ei kråka i lunden og gol. Hei fara. Faltu riltu raltura. Mannen han tenkte med sjølve seg; hei fara med sjølve seg Skal tru no den kråka vil drepa meg? Hei fara. Faltu riltu raltura. Og mannen han snudde om hesten sin hei fara om hesten sin så køyrde han heim att til garden igjen. Hei fara. Faltu riltu raltura. Å høyr, du min mann, kva eg spøre deg: hei fara eg spøre deg "Kvar vart det av veden du køyrde til meg?" Hei fara. Faltu riltu raltura. "Eg køyrde no slett ingen ved til deg, hei fara ingen ved til deg for kråka ho svor ho sku drepa meg." Hei fara. Faltu riltu raltura. "Å no har eg aldri høyrt større skam! hei fara høyrt større skam Har du høyrt at ei kråke har drepe ein mann?" Hei fara. Faltu riltu raltura. Men kråka kom etter på taket og gol, hei fara på taket og gol og mannen hen opp gjennom ljoren for. Hei fara. Faltu riltu raltura. Og mannen han spente sin boge for kne, hei fara sin boge for kne så skaut han den kråka, så ho datt ned. Hei fara. Faltu riltu raltura. Så spente han føre dei folane ti; hei fara dei folane ti men kråka ho sprengde alle di. Hei fara. Faltu riltu raltura. Så spente han føre dei folane tolv, hei fara dei folane tolv så køyrde han kråka på låvegolv. Hei fara. Faltu riltu raltura. Så flådde han kråka og lema ho sund, hei fara og lema ho sund ho vog innpå seksten og tjue pund. Hei fara. Faltu riltu raltura. Av skinnet så gjorde han tolv par skor, hei fara han tolv par skor det beste paret det gav han til mor. Hei fara. Faltu riltu raltura. Og kjøtet han salta i tunner og fat, hei fara i tunner og fat og tunga han hadde til julemat. Hei fara. Faltu riltu raltura. Av tarmane gjorde han tolv par reip, hei fara han tolv par reip og klørne han brukte til møka-greip. Hei fara. Faltu riltu raltura. Og nebben han brukte til kyrkje-båt, hei fara til kyrkje-båt som folk kunne sigla på frå og åt. Hei fara. Faltu riltu raltura. Og munnen han brukte te mala korn, hei fara te mala korn og øyro han gjorde til tutar-horn. Hei fara. Faltu riltu raltura. Av augo så gjorde han stoveglas hei fara han stoveglas og nakken han sette på kyrkja til stas. Hei fara. Faltu riltu raltura. Og den som kje kråka han nytta så, hei fara han nytta så han er ikkje verd ei kråka å få. Hei fara. Faltu riltu raltura.