Eit andlete herja Skjebneslått Med byrgt og berjet, Edelgrått Eit mange-tusenårig blikk Som gøymer alt som kom og gikk Dette er min heimkyst - Her og slik Og ingen anna lik Det lir mot natt, ei vinternatt Svart, Stjernelaus, heilt lysforlatt Dødstyst som is på ei rute Angsten og uroa gror Håpa sin levande plante bak ruta Står i ein stivna klump av jord Motgangen, mørket og kulda Drysser sin snø over sjela Drysser sin iskalde oske Lydlaust, usynleg og kvelande